10.02.10

Doumentarfilmen Lyden av liv

Del: Del på Facebook  Del på Twitter

Dokumentarfilmen Lyden av liv viser korleis musikk og musikkterapi i eldreomsorga kan brukast i førebygging og behandling blant ulike grupper eldre, samstundes som filmen synleggjer verdien av eldre si musikkdeltaking i lokalsamfunnet.

Vi ønskjer at Lyden av liv skal nå ut til så mange som mogleg, og finansieringa frå GC Rieber Fondene har gjort det mogleg for oss å tilby eit gratis eksemplar til alle institusjonar.

Det er også mogleg for privatpersonar å kjøpa filmen, prisen er då kr 100,-.

Musikk, kommunikasjon og meistring 

Lyden av liv gitarGjennom filmen ser ein eksempel på kor mykje musikk, og spesielt musikk i sosiale samanhengar, kan bety for enkeltmenneske og deira kjensle av verdi og trivsel i kvardagen. Ein raud tråd i filmen er korleis musikk mogleggjer kommunikasjon og oppleving av meistring, også når sorg eller demens truar akkurat dette.

lyden av liv korLyden av liv utforskar musikkterapi frå eit brukarperspektiv, supplert med ei vitskapleg tilnærming til emnet. Filmen varer i ca. 25 minuttar og rettar seg mot studentar i musikkterapi og helsefag, helsefagleg personale, helsebyråkratar og pårørande.

Filmen er produsert av Think Vivid Media i samarbeid med GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, Uni helse. Finansiert av GC Rieber Fondene.

Har du spørsmål om filmen, ta kontakt med prosjektkoordinator Liv Gunnhild Qvale.