26.04.10

Ledig stilling som førsteamanuensis i musikkterapi

Del: Del på Facebook  Del på Twitter

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, UiB, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i musikkterapi. Den som vert tilsett vil også inngå i ei tematisk arbeidsgruppe ved GAMUT.

Faggruppa ved musikkterapistudiet på Griegakademiet

Faggruppa knytt til studiet omfattar i dag fem faste universitetsstillingar, ein postdoktor og ein stipendiat.

Faggruppa samarbeider tett om utviklinga av studiet og den som vert tilsett på rekne med å ta del i dette samarbeidet, undervise i og ta ansvar for aktuelle emne. Undervisninga skal vere forskingsbasert.

Frå hausten 2010 etablerer UiB eit femårig integrert masterprogram i musikkterapi, med årlege opptak. Talet på studentar vil då auke frå 24 i dag til 60. Det vert også arbeidd med å utvikle forskaropplæring i musikkterapi på PhD-nivå.

Forskergruppa ved GAMUT

UiB og Uni helse samarbeider om å utvikle GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking.  For tida arbeider seks forskarar på heiltid og seks på deltid ved senteret. Det er venta at desse tala vil auke i åra framover. Målsetjingar for etableringa av GAMUT er:

  • å utvikle eit norsk musikkterapeutisk forskingssenter på høgste internasjonale nivå
  • å sikre adekvat kunnskapsutvikling innan universitetsfaget musikkterapi
  • å utvikle samfunnsrelevant kunnskap om samanhengar mellom musikk og helse.

Søknadsfrist: 1 august 2010; søknad via jobbnorge.no

For meir informasjon, kontakt instituttleiar Frode Thorsen (tlf. +47 55586979, epost frode.thorsen@grieg.uib.no) eller professor/forskingsleder I Brynjulf Stige (tlf. +47 971 69 746, epost brynjulf.stige@grieg.uib.no). 

 

Kilder: