04.06.10Musikkterapi på sjukeheimane - samhandling og livskvalitet
Del:

Brynjulf Stige deltek på Eldreråda sin Storbykonferanse 2010 i Bergen med eit fordrag om musikkterapi.
Eldreråda sin Storbykonferanse er i år lagt til Bergen. Onsdag 9 juni held Brynjulf Stige foredraget ”Profesjonell musikkterapi på sjukeheimane - eit steg mot betre samhandling og livskvalitet”. Foredraget fokuserer m.a. på forskings- og utviklingsarbeid i regi av det nordiske nettverket for musikkterapi og eldre som GAMUT koordinerer.
Filmen Lyden av liv
Etter foredraget vert det visning av ”Lyden av liv”, ein film om korleis musikk og musikkterapi i eldreomsorga kan brukast i førebygging og behandling blant ulike grupper eldre. Filmen synleggjer også verdien av eldre si musikkdeltaking i lokalsamfunnet. Filmen er produsert av Think Vivid Media på oppdrag frå GAMUT og med finansiering av GC Rieber Fondene.
Storbykonferansen arrangeres av Bergen kommune ved Eldrerådet, 7-10 juni, Hotel Terminus.
Kilde:
Relaterte lenker